Fakta

Er kaustisk soda farleg?

Kaustisk soda, eller lut, er ein sterk og etsande base, som må behandlast med varsemd. Der er ingen lut restar i mine såper, og difor er det heller ikkje lista som ein ingrediens på etiketten. Kjemien er komplisert, men enkelt forklart kan ein seie, at når ein oppløyser lut i ei væske og tilsett dette til oljar, så vert oljane forsåpa og dei vert vask aktive. Mine oppskrifter er nøye utrekna og testa på meg sjølv før eg sel produkta, så eg veit dei er trygge. Om oljane i såpene er 100 % forsåpa, så kan såpa kjennast uttørrande på huda. I mine såper er 5 - 6 % av oljane ikkje forsåpa, dette kallar ein overfeitting, og dette sikrar, at såpene i tillegg til at dei vaskar reint også tilfører huda fukt.

Er fast såper bakteriebomber?

Dette vart ei sanning for mange år sidan, og eg mistenkjer, at denne myta vart konstruert av dei som produserer flytande såpe. For ved å gje faste såper eit dårleg rykte, så vart det neste pinleg å ha desse liggande på handvasken. Eg får utarbeida kjemirapportar på såpene mine, og der er det stadfesta, at faren for bakteriell vekst ikkje er eksisterande. Det er mange grunnar til dette. Eg let såpene tørke 6-8 veker etter dei er laga. I denne tørkeperioden fordampar væska ut av dei, og det ferdige produktet inneheld ikkje vatn, noko som fohindrar bakterievekst. Dessutan er pH på såpene innanfor eit område, der bakteriar ikkje trivast. Men skal du sikre eit godt og hygienisk produkt krev det, at du sjølvsagt ikkje let såpa ligge i ein vasspøl etter bruk. La såpa ligge på eit underlag, som gjer at den får tørke mellom kvar gang du nyttar den.

Kvifor luktar ikkje B&B sine såper ikkje så sterkt som andre såper i butikken?

Eg duftsett mine såper med eteriske oljar, og nyttar ikkje duftoljar i såpene og sjampoane mine. Eteriske oljar har strenge restriksjonar for kom store mengder du kan tilsette til eit produkt. Mor mi er aromaterapeut og ho brukar seie, når eg vert litt frustrert over desse restrikasjonane: det er fordi dei virkar. Ja, for eteriske oljar har nettopp eminente eigenskapar på både det fysiske og psykiske plan, og det i ganske små mengder. Dufter påverkar oss. Så når du brukar Blomsten og Bia sine produkt, så får du ikkje berre god effekt på huda di, men kanskje du kan oppleve å kjenne deg avslappa, oppkvikka eller kanskje du kjenner god effekt på blodomløpet. Så eg duftsett produkta mine for to grunnar, der den eine å setje saman eit velduftande produkt, som pirrar sansane dine, og den andre grunnen er å gje deg best mogleg hudpleie.

Kvifor kan fargane i såpene bli litt svakare over tid, og kvifor har B&B ikkje knall rosa eller turkise såper?

Eg traff eit val, den gangen eg starta å lage såpe. Der er mange fristande og fantastiske pigmentfargar der ute, som ville gje eit hav av moglegheiter når det kjem til farge kombinasjonar i såpene, og som ikkje minst ser veldig imponerande ut. Men eg valde å kunn nytte naturen sine eigne fargestoff den gangen eg starta. Dette vere seg leire, finmala plantemateriale og urteekstrakter. Eg lagar sjølv mine eigen urteekstrakter, ved å la urtene trekke i oliveolje ved svak varme. Eg ser dette, som ein likeså interessant del av såpelaginga, og eg let meg fortsatt forundre over kor fine fargar som kjem ut av desse enkle prosessane. Men dei er ikkje neongule, flamingorosa eller pastellblå. Dei er flyktige som naturen sjølv, og dei let seg påverke av lys og luft. Så når såpa blir ståande framme utan den er i bruk, så kan fargane bli svakare med tida, utan at såpa blir dårlegare av den grunn. Bonus er, at plantefargane i seg sjølve ofte har veldig gode eigenskapar for huda di, samtidig som det du sender ned i sluket ikkje er miljøbelastande. Det er rein vinn-vinn slik eg ser det.


    Finner dessverre ingen produkter.