Om Blomsten og Bia

Så langt tilbake som eg kan hugse, har eg elska den stille og generøse naturen vi er så privilegerte å få nytte oss av. Ikkje i den forstand, at eg er den første som spring på fjellet når sola skin. Eg er ganske så bedageleg anlagt, om du spør familien min:-) Men eg har ein djup fasinasjon over alt som er, og kor ufatteleg perfekt alt er. Skifta i årstidene, den helande roa ein finn når ein let att auga og lenar seg til ein solvarm stein eller eit tre i skogen, vekstane som kan nyttast som mat og medisin, og det å berre få liggje i mjuke mose og merke kor godt det er å ha jordkontakt. Då er det som ein kan kjenne pulsen til Moder Jord.

Interessa for å lage naturprodukt, har alltid vore med meg, og det er fantastisk kva ein kan lage sjølv. Eg kjem aldri til å forstå, at det som har vore medisin i tusenvis av år, i vår tid skal vere degradert til å vere alternativt. Det er frå naturen sitt apotek alt kjem frå, medrekna den medisinsk kunnskapen vi har i dag.

For meg byrja vegen mot eige firma med eksperimentering og laging av hudkremar, salvar, solkrem og leppepomadar i mange år, før eg oppdaga såpelaging og vart aldeles forelska. I tillegg fekk eg meg ei geveldig aha-oppleving då eg prøvde eigen heimelaga sjampobar for første gang. No brukar eg ikkje anna, og det gleder meg stort, at eg aldri skal måtte kjøpe ei sjampo- og balsamflaske att. Sjampobaren var nok vendepunktet mitt, for å få trua på, og ikkje minst mot nok, til å satse på eige firma.

Å lage produkt berre for å lage produkt, gjev inga meining. Alt ein lagar og nyttar, må vere produsert med størst mogleg miljøomsyn, for å ikkje øydelegge livsgrunnlaget vårt, den fantastiske naturen vår. Det ville gje lita meining for meg, om eg skulle vere med på å belaste planeten vår med fleire overflødig produkt, kunn produsert med tanke på profitt. Ut frå den filosofien spring og det litt merkelege firma namnet frå. På alle moglege måtar er vel blomsten og bia eit symbol på eit perfekt tilpassa økosystem og det faktum, at fjernar vi ei lita brikke av det store bilete, så kan det ha enorme konsekvensar for dei andre. Vi sit alle med det ansvaret å verne om desse viktige brikkene, om vi vil eller ei.

Med dette i bagasjen, og med mykje gode tilbakemeldingar frå familie og vener, som har vore tolmodige prøvekaniner heile vegen, starta eg firmaet Blomsten og Bia Såpekokeri i 2017.

Eg håpar du set pris på, og ser verdien i alt som er

Randi Merete Haugland

Blomsten og Bia Såpekokeri