Såpe

Såpene som vert laga av Blomsten og Bia Såpekokeri er handlaga i små parti, for å sikre best mogleg kvalitet. Ei god såpe skal ikkje få huda til å kjennast tørr, men den skal gje fukt og få huda til å bli mjuk og god, samtidig som den vaskar reint. Det trengst ingen mystiske kjemikaliar for å lage ei såpe, ein treng berre gode råvarer. Og fordi eg har ei urokkeleg tru på, at ingenting skal produserast utan at ein tek størst mogleg miljøomsyn, så går eg heller ikkje på kompromiss med kvalitet. Eg nyttar difor økologiske ingrediensar, som er nøye utvalde, for dei gode eigenskapane dei har for hud og hår. Planteekstrakter og urter gjev farge til såpene, samtidig som dei bidreg med hudpleiande eigenskapar.

Nokre av såpene er veganske, og andre kan til dømes innehalde honning, yoghurt eller geitemjølk. Produkt tilpassa veganarar er merka. Merk at såpene kan sjå litt annerleis ut enn på bileta, då resultatet av såpelaging og bruk av plantefarge ikkje alltid kan bli heilt likt.

Såpene er pakka i lukka miljøvennleg emballasje av kartong. Eska sorterar du som papir.


 
Viser 1 til 8 (av 8 produkter)