LøveTann

For den som er like stolt og livskraftig som ein løvetann

Løvetann har fått eit ufortent dårleg rykte, og vi ser mest på denne løva av ei urt som eit invaderande ugras. Ordet «ugras» er oppfunne av dei som vil selje sprøytemiddel, og er ikkje er eit ord som eksisterar i den verkelege verda utanfor døra. For insekta er den ein livsviktig trekkplante om våren. Løvetanna stikk hovudet opp, som ein av dei første plantane, og er ein kjærkomen fargeklatt og matfat i eit elles så goldt landskap. I naturmedisin er løvetann ein viktig plante, og den har eminente hud lækjande eigenskapar. Altfor god til å ikkje putte i ei såpe. Såpa inneheld i tillegg uttrekk av kamille, for enno betre hudpleie.

Produktet inneheld ingen animalske ingrediensar, og kan trygt nyttast av veganarar

Net. vekt 120 g

 


120,-
** Utsolgt

Kontakt meg

kontakt@blomstenogbia.no

Telefon

94137712

Mange nyheter

Se gjennom vårt utvalg

Ingredients: Olea Europaea Fruit Oil, Cocos Nucifera Oil, Butyrospermum Parkii Butter, Helianthus Annuus Seed Oil, Theobroma Cacao Seed Butter, Ricinus Communis Seed Oil, Bixa Orellana Seed Extract, Anthemis Nobilis Flower Extract, Taraxacum Officinale Flower Extract, Clay, Spirulina Platensis Powder, Citrus Limon Peel Oil, Pelargonium Graveolens Flower Oil, Cymbopogon Martini Oil, Ormenis Multicaulis Oil, Rosmarinus Officinalis Leaf Extract, Litsea Cubeba Fruit Oil, Limonene, Geraniol, Citronellol, Citral, Linalool

 

Innhald: olivenolje*, kokosolje*, sheasmør*, solsikkeolje*, kakaosmør*, ricinusolje*, annatto ekstrakt, kamille ekstrakt, løvetann ekstrakt*, grøn leire, spirulina, eterisk olje av sitron*, geranium, palmarosa, kamille og litsea cubeba, rosmarin antioksidant (*= økologisk)

Olivenolje er ei velkjent olje i skjønnhetspleie. Den gjev fukt til huda, og gjer huda mjuk. Høg andel av olivenolje i såpe, gjev ei mild såpe med krema skum. I hårpleie kan olivenolje gje eit mjukt, skinande og sterkt hår, med mindre slitasje og med positiv effekt på tørr hovudbotn.

Kokosolje er fuktgjevande, har antibakterielle eigenskapar og er sopphemmande. Kokosolje gjer at såpa vaskar reint og gjev den eit rikt skum med store bobler. I hårpleie stimulerer den hovudbotnen, og er sagt å fremme hårvekst.

Sheasmør trengjer djupt inn i huda, og gjer næring til tørr, skada og moden hud. I såpe gjev sheasmør eit silkemjukt og stabilt skum. I tillegg vert ein stor prosentdel ikkje forsåpa av kaustisk soda, og dette gjer at såper som inneheld sheasmør verkar svært fuktgjevande. I hårpleie gjev sheasmør næring til hovudbotnen og tørt livlaust hår, og kan gje balsameffekt.

Solsikkeolje har eit høgt innhald av essensielle feittsyrer, og anbefalast til alle hudtypar. Den hjelp huda å halde på fukt, og til å regenerer hudceller. Solsikkeolje gjev ei mjukgjerande såpe, som kjennast ut som silke og med eit stabilt skum. I hårpleie vil solsikkeolje gje fukt og næring for eit mjukt, sunt og sterkt hår.

Kakaosmør verkar fuktgjevande og mjukgjerande på huda. Den gjer såpa hardare og gjev eit stabilt skum

Ricinusolje har ein tjukk konsistens med ei unik feittsyresamansetning som verkar beskyttande og mjukgjerande på huda. I såpe gjev ricinusolje eit tjukt og rikt skum med masse små bobler, som verkar mildt reinsande. I hårpleie vil ricinusolje motverke krusa hår og gje eit silkemjukt og skinande hår

Eteriske oljar

Sitron er ein forfriskande, reinsande og styrkande olje. Den er antiseptisk og samantrekkande og er god mot feit hud og hud infeksjonar som byllar, akne, sår og utslett. Kan ha positiv effekt mot rynker og den verkar fordrivande på insekt. I hårpleie er sitron kjend for å lysne hår, og gje det glans

Kamille er ein roande olje. Den er betennelse hemmande og lindrande, og då spesielt ved allergiske hud lidingar. Nyttast ved eksem, utslett, herpes, sår, irritasjon, trøttheit og stressrelaterte hudplager. I hårpleie er kamille med på å roe irritert hovudbotn og kan gje lyse striper i lyst hår, og glans til mørkt hår.

Palmarosa er ein kjølande og styrkande olje og er kjent for dei hudlækjande eigenskapane sine. Den har balanserande verknad på huda og kan bidra til å gje tørr hud fukt, og balansere talgproduksjonen i feit hud. Den kan reduser arrvev, stimulere til fornying av celler og dei samantrekkande eigenskapane kan vere nyttige mot akne og mindre hud infeksjonar

Geranium er ein kjølande og fuktgjevande olje. Den er roande, men har og på same tid ein oppløftande og styrkande verknad. Den er populær i hudpleie, då den verkar balanserande på talgproduksjonen og difor er god både for tørr og feit hud. Den er antiseptisk og betennelse hemmande, og god mot tørr eksem.

Litsea cubeba verkar antiseptisk, samantrekkande og oppfriskande. Oljen er god til alle hudtypar.