Heimsøkande lys

Å lage duftlys med duftoljar, når ein sjølv ikkje er superbegeistra for duftlys og ein mest lagar økologiske produkt med eteriske oljar er litt rart. Det skal eg vere den første til å innrømme. Men Blomsten og Bia handlar i det store og heile om å lage produkt så miljøvennleg som mogeleg, og då var det nærliggande å tenke på duftlysa. Ofte kjem dei i dyr og fancy glasemballasje, som kanskje berre vert kasta etter bruk, og ofte har dei så ekstremt sterk duft. Så dette er mitt alternativ i duftlys jungelen: rustikke kubbelys av 100 % miljøvennleg stearin og med mild duft av dei reinaste oljane eg kunne finne. Når eg i tillegg fann ein snasen pappemballasje eg kunne pakke dei i, så vart det eit komplett og meir miljøvennleg duftlys alternativ tykjer eg. 
 
Duftlyset kan brennast frittståande i eigna stake/fat, eller bruk lyset som ein refill til ein behaldar som toler varme og som du kanskje tidlegare har hatt duftlys i. Om lyset akkurat passar ned i behaldaren, så sikrar du ei ekstra lang og ikkje minst brannsikker brennetid.

Viser 1 til 1 (av 1 produkter)