Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Pepperkakehus

Art.nr:
På lager: 22
Ei farleg forheksande duft av krydder, kake og karamell. Kom inn i varmen i huset til heksa frå Hans og Grete og la deg omslutte av dufta av kake. For dette lyset duftar faktisk som ei varm pepperkake rett ut av omnen. Notar av krydder på ei base av søt karamell og vanilje skapar rette stemninga for kalde førjuls kveldar. Fyr i peisen, ein dampande kopp te, ullteppe over beina og dufta av pepperkake inne medan snøfnugga dansar utanfor må jo vere den ultimative kosen. Dette er eit sesonglys og vert kunn selt haust og fram mot jul.   Rustikt kubbelys laga av 100% miljøvennleg stearin med mild duft av duftolje fri for paraben og ftalat. Sjå under for allergen oversikt og innhaldsforklaring.   Pakka i miljøvennleg emballasje av kartong. NB: hugs å ta lyset ut av emballasjen innan du tenner lyset   Brennetida er berre veiledande. Sjå under fana tips og triks og les pakningsvedlegget som kjem med lysa. Lite lys 150 g rundt 20 timar brennetid Mellomstort lys 200 g rundt 25 timar brennetid Stort lys 400 g rundt 40 timar brennetid  

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukt

Produktet er midlertidig utsolgt. Dersom du ønsker å motta en epost når vi får det inn på lager, kan du legge igjen epostadressen din i skjemaet under.

Informasjon

Ei farleg forheksande duft av krydder, kake og karamell.
Kom inn i varmen i huset til heksa frå Hans og Grete og la deg omslutte av dufta av kake. For dette lyset duftar faktisk som ei varm pepperkake rett ut av omnen. Notar av krydder på ei base av søt karamell og vanilje skapar rette stemninga for kalde førjuls kveldar. Fyr i peisen, ein dampande kopp te, ullteppe over beina og dufta av pepperkake inne medan snøfnugga dansar utanfor må jo vere den ultimative kosen. Dette er eit sesonglys og vert kunn selt haust og fram mot jul.
 
Rustikt kubbelys laga av 100% miljøvennleg stearin med mild duft av duftolje fri for paraben og ftalat.
Sjå under for allergen oversikt og innhaldsforklaring.
 
Pakka i miljøvennleg emballasje av kartong.
NB: hugs å ta lyset ut av emballasjen innan du tenner lyset
 
Brennetida er berre veiledande.
Sjå under fana tips og triks og les pakningsvedlegget som kjem med lysa.
Lite lys 150 g rundt 20 timar brennetid
Mellomstort lys 200 g rundt 25 timar brennetid
Stort lys 400 g rundt 40 timar brennetid
 

Omtaler

Innhald

Duftlys laga av 100 % miljøvennleg stearin og høgkvalitets duftoljar i lav konsentrasjon. 
Duftoljane kan innehalde komponentar som kan gje ein allergisk reaksjon om du reagerer på desse. 
 
Deklarasjonsoversikt: Coumarin, Eugenol og alpha-Methylcinnamaldehyde
 

Coumarin: finst naturleg i eterisk olje

Eugenol: finst naturleg i mange krydder

alpha-Methylcinnamaldehyde: duft av kanel. Nytta i parfyme produkt og som aroma og smaksforsterkar i fødevarer.

 

Tips og triks

Tips og triks til god lysbrenning

  • Ta lyset ut av emballasjen innan du tenner på. Trim veken mellom kvar brenning.

  • For at lyset skal brenne finast og vare lengst kan det vere lurt å la lyset brenne så lenge kvar gang, at voksen når å smelte ut mot kanten av lyset. Då unngår du at lyset brenn for fort nedover og du får store kantar av voks som ikkje smeltar. Dette kan ta 2-4 timar.

  • Vert kantane på lyset for høge kan det vere lurt å skjere desse ned til 1 cm, då lyset kan renne litt meir. Lysrestar som du brekk/skjer av eller restar etter at lyset evt. renn kan nyttast i ein oljebrennar som du vanlegvis nyttar til voks smeltarar.

  • Eg anbefaler ikkje å ha lyset tent i meir enn 4 timar i gangen. Dette fordi lyset kan renne litt meir om det står for lenge.

  • Ideell vekelengde er frå ½- 1 cm og gjev finast mogeleg flamme og mindre sot.

  • Får du for stor flamme eller enden av veken blir litt tjukkare, så kan du blåse ut lyset, klippe veka kortare og tenne som normalt

Viktig! Aldri forlat brennande lys

Produkt laga med omtanke for deg og naturen

  • vipps-orange.png
  • klarna-dark.png