Sukkerskrubb

Det er luksus å nytte ein sukkerskrubb. Kanskje er det ein overdriven luksus, fordi er langt frå å vere eit livsnødvendig remedie. Men av og til må ein unne seg det vesle ekstra. Det gode med Blomsten og Bia sine sukkerskrubbar, er at dei ikkje inneheld verken mikroplast, konserveringsmiddel eller vatn. Det dei til gjengjeld inneheld er økologisk sukker, økologiske oljar og urter, og ein emulgator. Emulgatoren gjer at oljane blandar seg med vatnet i badet/dusjen medan du masserer produktet på huda, og det dannar seg rett og slett lotion. Det er jo litt magisk. Dermed vert huda mjuk og god, og ikkje klissete av overskotsolje. Badegolvet vert heller ikkje glatt, då oljerestane vaskar ut med vatnet.

 


 
Viser 1 til 6 (av 6 produkter)