Kakao Vanilje Sukkerskrubb

 

Denne skrubben duftar som sjokoladekake, og inneheld litt av dei same ingrediensane. Kakaopulver, vaniljepulver og ekte vaniljeekstrakt er nokre av ingrediensane, som heilt enkelt gjev ei luksuriøs oppleving i badet. Kakao er kjent for eit høgt innhald av antioksidantar, og har ei duft som opnar opp alle sansar. Dette er skrubben for alle som treng litt nærande hudpleie og som treng å ta ekstra godt vare på seg sjølv.

Net vekt 180 g


199,-
På lager: 4

Kontakt meg

kontakt@blomstenogbia.no

Telefon

94137712

Mange nyheter

Se gjennom vårt utvalg

Ingredients: Sucrose, Olea Europaea Fruit Oil, Prunus Amygdalus Dulcis Oil, Cocos Nucifera Oil, Theobroma Cacao Seed Butter, Cetearyl Alcohol, Cetearyl Glucoside, Cera Flava, Theobroma Cacao Fruit Powder, Tocopherol, Vanilla Planifolia, Vanilla Planifolia Seed Powder

Innhald: sukker*, olivenolje*, mandelolje*, kakaosmør*, kokosolje*, vegetal, bivoks, kakao*, vaniljepulver*, vanilje ekstrakt, e-vitamin (*=økologisk)

Olivenolje er ei velkjent olje i skjønnhetspleie. Den gjev fukt til huda, og gjer huda mjuk.

Kokosolje er fuktgjevande, har antibakterielle eigenskapar og er sopphemmande.

Mandelolje er kjent for sine hudpleiande eigenskapar, og verkar mjukgjerande og mildt reinsande på huda.

Kakaosmør verkar fuktgjevande og mjukgjerande på huda.

Bivoks trekk ikkje inn i huda, men dannar ein beskyttande barriere som forhindrar tap av fukt frå huda.

Sukker fjernar døde hudceller og fremmar dermed sunn hud, i tillegg til å fremme blodsirkulasjon og fjerne ureinhetar frå huda

Kakao er full av antioksidantar, og er eit velbrukt remedie i hudpleie. Kakao har litt av dei same eigenskapar som kaffi, og kan verke oppstrammande på huda.