d-Limonene: finst naturleg i mange eteriske oljer bla. sitrus oljar
Linalool: finst naturleg i mange eterisk oljer bla. bergamot og lavendel
Menthone: finst naturleg i eterisk olje og gjev mint duft og smak
alpha-Pinene: finst naturleg eterisk olje frå bla. bartre.
Tips og triks til god lysbrenning
-
Ta lyset ut av emballasjen innan du tenner på. Trim veken mellom kvar brenning.
-
For at lyset skal brenne finast og vare lengst kan det vere lurt å la lyset brenne så lenge kvar gang, at voksen når å smelte ut mot kanten av lyset. Då unngår du at lyset brenn for fort nedover og du får store kantar av voks som ikkje smeltar. Dette kan ta 2-4 timar.
-
Vert kantane på lyset for høge kan det vere lurt å skjere desse ned til 1 cm, då lyset kan renne litt meir. Lysrestar som du brekk/skjer av eller restar etter at lyset evt. renn kan nyttast i ein oljebrennar som du vanlegvis nyttar til voks smeltarar.
-
Eg anbefaler ikkje å ha lyset tent i meir enn 4 timar i gangen. Dette fordi lyset kan renne litt meir om det står for lenge.
-
Ideell vekelengde er frå ½- 1 cm og gjev finast mogeleg flamme og mindre sot.
-
Får du for stor flamme eller enden av veken blir litt tjukkare, så kan du blåse ut lyset, klippe veka kortare og tenne som normalt
Viktig! Aldri forlat brennande lys
