Pumpkin spice duftlys

Skremande god duft av frukt, krydder og karamell

Eit duftlys med ei varm og krydra duft som er det perfekt selskap når haustmørket og kulden kjem krypande inn i alle krinkar og krokar. Krydder og fruktige toppnotar på ei base av søt karamell og vanilje kan vel ikkje vere ei betre duft når ein treng til å krølle seg saman i sofahjørnet under eit teppe medan hauststormane og skrømta ular rundt hushjørnet. Dette er eit sesonglys og vert kunn selt seinsommar og fram til slutten av oktober.
 
Rustikt kubbelys laga av 100% miljøvennleg stearin med mild duft av duftolje fri for paraben og ftalat.
Sjå under for allergen oversikt og innhaldsforklaring.
 
Pakka i miljøvennleg emballasje av kartong.
NB: hugs å ta lyset ut av emballasjen innan du tenner lyset
 
Brennetida er berre veiledande.
Sjå under fana tips og triks og les pakningsvedlegget som kjem med lysa.
Lite lys 150 g rundt 20 timar brennetid
Mellomstort lys 200 g rundt 25 timar brennetid
Stort lys 400 g rundt 40 timar brennetid

På lager: 12
Vennligst velg

Kontakt meg

kontakt@blomstenogbia.no

Telefon

94137712

Mange nyheter

Se gjennom vårt utvalg

Produktet er midlertidig utsolgt. Dersom du ønsker å motta en epost når vi får det inn på lager, kan du legge igjen epostadressen din i skjemaet under.

Duftlys laga av 100 % miljøvennleg stearin og høgkvalitets duftoljar i lav konsentrasjon. Duftoljane kan innehalde komponentar som kan gje ein allergisk reaksjon om du reagerer på desse. 
Deklarasjonsoversikt: Cinnamaldehyde og Eugenol

Eugenol: finst naturleg i mange krydder

Cinnamaldehyde: førekjem naturleg i t.d. kanel

Tips og triks til god lysbrenning

  • Ta lyset ut av emballasjen innan du tenner på. Trim veken mellom kvar brenning.

  • For at lyset skal brenne finast og vare lengst kan det vere lurt å la lyset brenne så lenge kvar gang, at voksen når å smelte ut mot kanten av lyset. Då unngår du at lyset brenn for fort nedover og du får store kantar av voks som ikkje smeltar. Dette kan ta 2-4 timar.

  • Vert kantane på lyset for høge kan det vere lurt å skjere desse ned til 1 cm, då lyset kan renne litt meir. Lysrestar som du brekk/skjer av eller restar etter at lyset evt. renn kan nyttast i ein oljebrennar som du vanlegvis nyttar til voks smeltarar.

  • Eg anbefaler ikkje å ha lyset tent i meir enn 4 timar i gangen. Dette fordi lyset kan renne litt meir om det står for lenge.

  • Ideell vekelengde er frå ½- 1 cm og gjev finast mogeleg flamme og mindre sot.

  • Får du for stor flamme eller enden av veken blir litt tjukkare, så kan du blåse ut lyset, klippe veka kortare og tenne som normalt

Viktig! Aldri forlat brennande lys