scrollToTab($el, previousTop)) }" class="flex sm:hidden justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __description_tab"> Informasjon
Forførande duft av søte frukter og kokos.
For dei av oss som elskar alt tropisk, så er dette lyset nesten til å ete opp. Tenk palmesus, paraply drink, rosa flamingoar, parasoll, solvarm hud og dufta av juicy mango, ananas, søt kokos og eit hint av nøtter. Det er ein god grunn til at dette lyset heiter flytande lykke. Så, sidan det er raskast å reise med lysets hastigheit, ta på solbrillene, spenn fast setebeltet, tenn duftlyset og forbered deg på ein smooth og turbulensfri take off til tropene med Heimsøkande Airlines.
scrollToTab($el, previousTop)) }" class="flex sm:hidden justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __yotpo_tab"> Omtaler
scrollToTab($el, previousTop)) }" class="flex sm:hidden justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __custom_tab_1 __tab_innhald"> Innhald
scrollToTab($el, previousTop)) }" class="flex sm:hidden justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __custom_tab_2 __tab_tipsogtriks"> Tips og triks
Tips og triks til god lysbrenning
-
Ta lyset ut av emballasjen innan du tenner på. Trim veken mellom kvar brenning.
-
For at lyset skal brenne finast og vare lengst kan det vere lurt å la lyset brenne så lenge kvar gang, at voksen når å smelte ut mot kanten av lyset. Då unngår du at lyset brenn for fort nedover og du får store kantar av voks som ikkje smeltar. Dette kan ta 2-4 timar.
-
Vert kantane på lyset for høge kan det vere lurt å skjere desse ned til 1 cm, då lyset kan renne litt meir. Lysrestar som du brekk/skjer av eller restar etter at lyset evt. renn kan nyttast i ein oljebrennar som du vanlegvis nyttar til voks smeltarar.
-
Eg anbefaler ikkje å ha lyset tent i meir enn 4 timar i gangen. Dette fordi lyset kan renne litt meir om det står for lenge.
-
Ideell vekelengde er frå ½- 1 cm og gjev finast mogeleg flamme og mindre sot.
-
Får du for stor flamme eller enden av veken blir litt tjukkare, så kan du blåse ut lyset, klippe veka kortare og tenne som normalt
Viktig! Aldri forlat brennande lys
