Ingredients: Olea Europaea Fruit Oil, Cocos Nucifera Oil, Butyrospermum Parkii Butter, Helianthus Annuus Seed Oil, Prunus Amygdalus Dulcis Oil, Theobroma Cacao Seed Butter, Ricinus Communis Seed Oil, Coffea Arabica Seed Powder, Montmorillonite, Citrus Aurantium Dulcis Oil, Pogostemon Cablin Leaf Oil, Litsea Cubeba Fruit Oil, Theobroma Cacao Seed Powder, Eugenia Caryophyllus Bud Oil, Rosmarinus Officinalis Leaf Extract, Limonene, Citral, Eugenol, Linalool

Innhald: Olivenolje*, kokosolje*, sheasmør*, solsikkeolje*, mandelolje*, kakaosmør*, ricinusolje*,kaffi*, svart leire, kakao*, eterisk olje av appelsin, patchouli, nellik og litsea cubeba, rosmarin antioksidant (*=økologisk)

Økologisk ekstra jomfru olivenolje: Olivenolje er ei velkjent olje i skjønnhetspleie. Den gjev fukt til huda, og gjer huda mjuk. Høg andel av olivenolje i såpe, gjev ei mild såpe med krema skum. I hårpleie kan olivenolje gje eit mjukt, skinande og sterkt hår, med mindre slitasje og med positiv effekt på tørr hovudbotn.

Kokosolje: Kokosolje er fuktgjevande, har antibakterielle eigenskapar og er sopphemmande. Kokosolje gjer at såpa vaskar reint og gjev den eit rikt skum med store bobler. I hårpleie stimulerer den hovudbotnen, og er sagt å fremme hårvekst.

Sheasmør: Trengjer djupt inn i huda, og gjer næring til tørr, skada og moden hud. I såpe gjev sheasmør eit silkemjukt og stabilt skum. I tillegg vert ein stor prosentdel ikkje forsåpa av kaustisk soda, og dette gjer at såper som inneheld sheasmør verkar svært fuktgjevande. I hårpleie gjev sheasmør næring til hovudbotnen og tørt livlaust hår, og kan gje balsameffekt.

Solsikkeolje, med Omega 9: Solsikkeolje har eit høgt innhald av essensielle feittsyrer, og anbefalast til alle hudtypar. Den hjelp huda å halde på fukt, og til å regenerer hudceller. Solsikkeolje gjev ei mjukgjerande såpe, som kjennast ut som silke og med eit stabilt skum. I hårpleie vil solsikkeolje gje fukt og næring for eit mjukt, sunt og sterkt hår.

Mandelolje: Mandelolje er kjent for sine hudpleiande eigenskapar. Den gjev ei mjukgjerande, mildt reinsande og fuktgjevande såpe med stabilt skum.

Kakaosmør: Kakaosmør verkar fuktgjevande og mjukgjerande på huda. Den gjer såpa hardare og gjev eit stabilt skum

Ricinusolje: Ricinusolje har ein tjukk konsistens med ei unik feittsyresamansetning som verkar beskyttande og mjukgjerande på huda. I såpe gjev ricinusolje eit tjukt og rikt skum med masse små bobler, som verkar mildt reinsande. I hårpleie vil ricinusolje motverke krusa hår og gje eit silkemjukt og skinande hår

Eteriske oljar

Appelsin eterisk olje: har styrkande og samantrekkande eigenskapar på hud, samtidig som den er mild, og dette gjer den særs egna mot feit, matt og sliten hud

Patchouli eterisk olje: ein stimulerande, samantrekkande og styrkande olje. Den egnar seg godt mot akne, feit hud, væskande sår og brennkoppar. Den bidreg til, at friskt hudvev fornyar seg og den er god mot aldrande hud. Er god i deodorantar.

Nellik eterisk olje: ein varmande og stimulerande olje. Den er svært antiseptisk, og egnar seg godt å nytte ved betente sår, og mot danning av arrvev.