Sjampo

Å vaske håret med ein sjampobar, det høyrest rart ut tenkjer du kanskje. Og moglegvis er det det, når ein er van til å vere omkransa av ørten plastikkflasker med mystisk innhald i dusjen. Tenk om det kunne gjerast med eit lite såpestykke, som både er sjampo og balsam i eitt… Kan det verkeleg la seg gjere? Merkeleg nok kan det absolutt det. Eg hadde ikkje heilt trua sjølv, då eg laga sjampobar første gang. Men som alt anna som verkar litt for godt til å vere sant, så måtte det prøvast ut. For ei overrasking eg fekk meg!! Eg har ikkje snudd meg tilbake sidan. At det skulle gå hen og bli ein av bestseljarane var heller ikkje heilt forventa. Men det er det blitt…

Alle sjampoane inneheld oljar, som vert kalla for flytande gull. Arganolje, moringaolje og jojobaolje er alle eksklusive oljar, som etterkvart er blitt godt kjende for dei hudpleiande eigenskapane sine.


Viser 1 til 4 (av 4 produkter)