Lavendel Rosmarin

For den, som er blitt litt for tørr bak øyrene

Ein kombinert sjampo og balsam i eitt såpestykke, som gjev litt ekstra fukt til hår og hovudbotn. Her har eg nytta både olje uttrekk av lavendel og lavendel hydrolat for å gje sjampoen eit skikkeleg hud pleiande boost. Rosmarin stimulerer blodomløpet i hovudbotnen og kan ha nyttig effekt både ved hårtap og flass. I tillegg har eg tilsett nærande kokosmelk. For, som reklamen fortel oss, så startar eit sunt hår med ein sunn hovudbotn. Eg kunne ikkje vore meir enig! Passar godt til dei med tørt hår, og for dei som er blitt litt grå på toppen.

Produktet inneheld ingen animalske ingrediensar, og kan trygt nyttast av veganarar

Net. vekt 90-100 g


99,-
** Utsolgt

Kontakt meg

kontakt@blomstenogbia.no

Telefon

94137712

Mange nyheter

Se gjennom vårt utvalg

Ingredients: Cocos Nucifera Oil, Olea Europaea Fruit Oil, Lavandula Angustifolia Herb Oil, Ricinus Communis Seed Oil, Helianthus Annuus Seed Oil, Cocos Nucifera Fruit Juice, Lavandula Angustifolia Flower Extract, Simmondsia Chinensis Oil, Alkanna Tinctoria Root Extract, Argania Spinosa Kernel Oil, Moringa Oleifera, Butyrospermum Parkii Butter, Kaolin, Lavandula Angustifolia Oil, Rosmarinus Officinalis Leaf Oil, Panthenol, Rosmarinus Officinalis Leaf Extract

Innhald: kokosolje*, olivenolje*, ricinusolje*, solsikkeolje*, kokosmelk*, lavendelhydrolat*, jojobaolje*, arganolje*, moringaolje*, sheasmør*, kaolinleire*, panthenol, ekstrakt av alkanet rot og lavendel, eterisk olje av lavendel og rosmarin, rosmarin antioksidant (*=økologisk)

Olivenolje er ei velkjent olje i skjønnhetspleie. Den gjev fukt til huda, og gjer huda mjuk. I hårpleie kan olivenolje gje eit mjukt, skinande og sterkt hår, med mindre slitasje og med positiv effekt på tørr hovudbotn.

Kokosolje er fuktgjevande, har antibakterielle eigenskapar og er sopphemmande. I hårpleie stimulerer den hovudbotnen, og er sagt å fremme hårvekst.

Sheasmør trengjer djupt inn i huda, og gjer næring til tørr, skada og moden hud. I hårpleie gjev sheasmør næring til hovudbotnen og tørt livlaust hår, og kan gje balsameffekt.

Solsikkeolje har eit høgt innhald av essensielle feittsyrer, og anbefalast til alle hudtypar. Den hjelp huda å halde på fukt, og til å regenerer hudceller. I hårpleie vil solsikkeolje gje fukt og næring for eit mjukt, sunt og sterkt hår.

Ricinusolje har ein tjukk konsistens med ei unik feittsyresamansetning som verkar beskyttande og mjukgjerande på huda. I hårpleie vil ricinusolje motverke krusa hår og gje eit silkemjukt og skinande hår

Argan olje verkar cellefornyande og forbetrar huda sin elastisitet. I hårpleie gjev oljen glans til tørt og livlaus hår, og er sagt å kunne temme krusete hår.

Jojoba olje er god til normal og tørr hud. Den verkar solbeskyttande og talgregulerande.

Moringaolje er blant dei mest ettertrakta oljane innan hudpleie og kosmetikk. Med eit høgt innhald av antioksidantar og ei verdfull feittsyre samansetning treng oljen djupt inn i huda, og gjev næring til sunnare og sterkare hud og hår

Lavendel er ei svært allsidig og verdfull olje i hudpleie. Den er balanserande og regulerande, og er nyttig ved ein rekkje hud problem, som betennelse, eksem, akne, acne rosaceae, psoriasis og arr. Den kan nyttast ved brannsår, sår og insekt stikk. Psykologisk er den svært god mot nervøse spenningar og søvnløyse. I hårpleie kan lavendel balansere tørt eller feitt hår og hovudbotn, og roar irritert hovudbotn.

Rosmarin er ein allsidig, varmande og styrkande olje. Den stimulerer blodsirkulasjonen og er god mot kalde hender og føter. Tradisjonelt har rosmarin vore viktig som behandling mot problem i hår og hovudbotn. Den stimulerer blodomløpet i hovudbotnen og kan ha nyttig effekt ved hårtap og flass. Den er eit parasittmiddel og kan fjerne lus

Ein sjampobar er ein fuktgjevande sjampo i fast form, med naturlege oljar, planteuttrekk og eteriske oljar som gjev næring til hår og hovudbotn. Den vaskar reint utan å øydelegge huda sin eigen feittproduksjon, og er difor trygg å bruke kvar dag. Sjampoen inneheld mykje oljar, så det er viktig at ein ved bruk skummar den godt inn i håret, fordi skummet gjer at den vaskar reint. Skum baren opp i hendene og masser inn i håret og før baren over håret frå hovudbotn til tuppar og skum godt opp med fingrane. Tilfør vatn, og skum meir opp. Til slutt skyl håret GODT, så du er sikker på at all såpe er ute av håret. Dette er spesielt viktig i nakken, i bakhovudet og rundt øyrene, då restsåpe/restoljar kan få håret til å kjennast seigt og sjå feitt ut. Balsam treng dei aller fleste ikkje bruke, då håret vert mjukt, glatt og lett å børste ut.

Om du har nytta vanlege sjampoar før kan det ta litt tid før hovudbotnen og hår ven seg til den nye sjampoen, og før rest kjemikaliar frå kommersielle hårprodukt er vaska ut. Ei tilvenningsfase kan ta nokre veker. Men ikkje gje opp, for i den siste ende vert du lønna med eit sundt og glansfullt hår, og eit gullande reint samvit for det du sender ned i sluket.

Unngå å få produktet i augene, då såpe aldri er særleg behageleg å få i augene.