Produkt laga på Nordjordeid
Rask levering
Hudpleie med økologiske ingrediensar til det beste for deg og planeten
Etisk og miljøvennleg produksjon
Nylig utgitt 🔥
Sakte hudpleie
Sakte hudpleie
Eg lagar produkt tufta på gamal og tradisjonsrik kunnskap om urter i kombinasjon med ingrediensar som kanskje er litt meir eksotiske. Ein kan tross alt ikkje dyrke alt her opp i nord, difor er dei fleste råvaren eg nyttar økologiske for å minimere miljøavtrykket og sikre etisk produksjon.
Alle produkt vert laga for hand og i små porsjonar for å sikre best mogeleg kvalitet. Urtene er plukka i eigen hage, hausta ute i naturen eller kjøpt lokalt så langt dette let seg gjere. Dette er hudpleie i si reinaste og mest transparente form, for her er det ingen grumme overraskelsar eller merkelege ingrediensar. Berre rein kjemi og rein velvære.
Sakte hudpleie
139,-
Følg Blomsten og Bia på instagram
Det pågår ein stille revolusjon ute i verda. Det kan tidvis vere vanskeleg å halde motet oppe og å høyre det over all støyen og alt det grusomme som skjer. Men lyttar du så kan du høyre det i vinden som raslar i trekronene og i eit hjarte som lengtar etter noko udefinerbart som ikkje kan kjøpast for pengar.
Tida er nemleg komen for å omfamne gamal naturlære, til å ta tilbake trua på naturen som helbredar og læremester og gjennoppdage den kunnskapen som er blitt undertrykt og forsøkt utrydda gjennom århundre. Det er blitt poppis å vere heks og ta tilbake og med takksemd markere dei gamle overgangane i årstidene, folk lagar salvar og remediar igjen heime på kjøkenbenken og dei dyrkar mat i hagar, på balkongar, på hustak og i byrom over ein lav sko. Ikkje minst er det å ta vare på insekt, dyreliv, jordhelse og mikroliv sett på dagsordenen igjen.
Alt heng saman og verda GÅR framover, sjølv om det ikkje alltid er så lett å sjå. Det viktigast vi kan gjere er å skru av hjerna, tenke med hjartet, finne attende til undringa og magien og ta naturen med inn i alt vi gjer. Inn på badet, inn på kjøkenet, inn i kvardagen og inn i liva våre igjen.
