scrollToTab($el, previousTop)) }" class="flex sm:hidden justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __description_tab"> Informasjon
Eit bokmerke som symboliserer ein av dei mest fasinerande og myteomspunne skapningane vi har. Dei som lev i skjul, vaknar til liv i skillet mellom lys og mørke og som er opphavet til dei fantasirike forteljingane om vampyrane. Dei er ofte blitt assosiert med død og som sendebod mellom to verdenar, men faktumet er at dei er ekstremt viktige for mange planteartar, det vere seg pollinering, evna til å spre frø og i å regulere bestandar av potensielt skadegjerande insekt.
Flaggermus er det einaste pattedyret som kan fly og er ein av dei som har levd lengst på jorda. Vi har elleve flaggermusartar i Noreg der fire av dei er trua og to er nær trua. Alle er freda. Største trugselen mot flaggermus er menneskleg aktivitet som:
-
nedbygging av insektproduserande områder som våtmark, sumper, dammar og tjern.
-
øydelegging av kantvegetasjon som både inneheld insekt og har funksjon som fluktlinje for flaggermus.
-
renovering av gamle bygningar, stenging av gamle gruver og tuneller.
-
nedhogging av lauvskog, der mange insekt held til, og gamle tre med hulrom.
