scrollToTab($el, previousTop)) }" class="flex sm:hidden justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __description_tab"> Informasjon
Eit bokmerke til ære for eddekoppar, magisk spindelvev og andre nyttige ting.
Dette er for alle dei som let seg fasinere av desse små spindlane og opp gjennom historia har edderkoppane hatt stor symbolsk verdi.
For dei gamle grekarane var sagnet om skapinga av edderkoppen knytt til gudinna Athene og edderkoppen var symbol for dei tre skjebnegudinnene Klotho, Lakhesis og Atropos. Ifølge mytene målte dei ut, spant og klypte livstråden til menneska og avgjorde på den måten skjebnen deira.
For romerane symboliserte edderkoppen skarpsinn, hell og lukke.
Mor mi lærte meg tidleg at det bringe ulukke å drepe ein edderkopp, så om ein ikkje vil ha dei i hus så får ein helse pent, fange dei inn og sleppe dei ut. Verre er det ikkje.
Visste du at:
Edderkoppsilke først er flytande. Når silka kjem i kontakt med luft herdar den til tråd som kan spinnast til nett. Edderkoppar kan lage ulike typar silke og dette gjev trådar med ulike eigenskapar som til dømes ulik grad av klebrigheit. Edderkoppsilke er eit av dei sterkaste og seigaste stoffa ein veit om og består av lange proteinmolekyl. Materialet er lettare enn bomull, like sterkt som nylon og er per vekteinheit sterkare enn stål.
Kor fasinerande og magisk er ikkje DET!
Bokmerket måler 5 x 15 cm og har trykk på begge sider på glansa papir i 400 g/m² kvalitet.
Pyntedusken er laga i perlegarn (100 % bomull) med ei farga glasperle.
