Produkt laga på Nordjordeid
Rask levering
Hudpleie med økologiske ingrediensar til det beste for deg og planeten
Etisk og miljøvennleg produksjon
Nylig utgitt 🔥
Sakte hudpleie
Sakte hudpleie
Eg lagar produkt tufta på gamal og tradisjonsrik kunnskap om urter i kombinasjon med ingrediensar som kanskje er litt meir eksotiske. Ein kan tross alt ikkje dyrke alt her opp i nord. Difor er dei fleste råvaren eg nyttar økologiske for å minimere miljøavtrykket og sikre etisk produksjon.
Alle produkt vert laga for hand og i små porsjonar for å sikre best mogeleg kvalitet. Urtene er plukka i eigen hage, hausta ute i naturen eller kjøpt lokalt så langt dette let seg gjere. Dette er hudpleie i si reinaste og mest transparente form, for her er det ingen grumme overraskelsar eller merkelege ingrediensar. Berre rein kjemi og rein velvære.
Sakte hudpleie
139,-
Det pågår ein stille revolusjon ute i verda. Det kan tidvis vere vanskeleg å halde motet oppe og å høyre det over all støyen og alt det grusomme som skjer. Men lyttar du så kan du høyre det i vinden som raslar i trekronene og i eit hjarte som lengtar etter noko udefinerbart som ikkje kan kjøpast for pengar.
Tida er nemleg komen for å omfamne gamal naturlære, ta tilbake trua på naturen som helbredar og læremester og gjennoppdage den kunnskapen som er blitt undertrykt og forsøkt utrydda gjennom århundre. For naturen er verkeleg magisk og full av under. Det er blitt poppis å vere heks og ta tilbake og med takksemd markere dei gamle overgangane i årstidene, folk lagar salvar og remediar igjen heime på kjøkenbenken og dei dyrkar mat i hagar, på balkongar, på hustak og i byrom over ein lav sko. Ikkje minst er det å ta vare på insekt, dyreliv, jordhelse og mikroliv sett på dagsordenen igjen.
Alt heng saman og verda GÅR framover, sjølv om det ikkje alltid er så lett å sjå. Det viktigast vi kan gjere er å skru av hjerna, tenke med hjartet, finne attende til undringa og magien og ta naturen med inn i alt vi gjer. Inn på badet, inn på kjøkenet, inn i kvardagen og inn i liva våre igjen.
